Flesånå er ein av dei mektigaste fossane i området og utgjer eit flott stoppunkt langs Nasjonal Turistveg Ryfylke. Vassføring er avhengig av nedbørsmengde.
Stopp ved rasteplassen for nokre gode bilete, og ta ein rusletur nedover den gamle vegen som går her.
Godt tilgjengeleg: Rasteplassen er godt tilgjengeleg med tilrettelagte parkeringsplassar like ved. Området gir god framkomst for personar med rullestol, barnevogn, m.m.