Den flotte Lågabrua over Suldalslågen er vel verdt eit stopp. På fine sommardagar kan ein setja seg ned å sjå på laksefiskarane som står i elva på jakt etter storlaksen.
Lågabrua er den eldste brua over Suldalslågen, og går mellom Nærheim og Ritland på vegen langs Nasjonal Turistveg Ryfylke. Brua sto truleg ferdig på 1700-talet. Brua blei sett opp av Ole Olsen Songesand, som var ein lokal legende.
Lågabrua
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.