På vestsida av Sandsfjord bru, like etter Sandsfjord bru, finn ein den spektakulære rasteplassen og utkikkspunktet Ostasteidn som er ein del av Nasjonal Turistveg Ryfylke. I sentrum av området står den skadeskutte steinen, Ostasteidn, som med tida vil bli dekt med mose. Ein finn også to flotte utkikksplassar, fleire sitjeplassar, toalett og fantastisk utsikt over Sandsfjorden og fjordlandskapet rundt. Området er tilpassa rullestolbrukarar.
Ostasteidn er inspirert av måleria til Lars Hertevig, som ofte lot seg inspirere av naturen i Ryfylke i sine verk. Den lada stemningen i Hertervig sine bilete er henta inn i arkitekturen, frå dei tidlege tunge og dystre oljemåleria til dei seinare og lysare akvarellane. Hertervig sin særskilde måte å bruka lys på og drøymeaktige landskap set også sitt preg på stoppet.
Området er teikna av arkitektkontoret KAP. I 2019 vann dei Betongelementprisen for arbeidet med Ostasteidn. Les meir om prisen her.