Bilde av vingard
Vingard © Midtsommar
Bilde av vingard
Vingard © Midtsommar

Besøk til Midtsommar vingard

Serveringsstad
Nyhende

Midtsommar er Suldal sin heilt eigen vingard! Her kan ein i perioden 21.juni-1.september få ein guida tur langs vinrankane, læra meir om prosessane bak vinproduksjonen og frå og med 2022 også få  smaksprøvar frå vinen på garden. Allereie i 2021 opnar ein for gardsbesøk der ein kan koma tett på arbeidet med utviklinga av vingarden og nyta kaffi og noko søtt i dei flotte omgjevnadane. Les meir her om gardsbesøka. Gardseigarane og gründerane bak Midtsommar er Toyni Tobekk og Arild Hebnes.

Midtsommar vingard ligg på Hebnes, heilt ytst på neset til Ropeidhalvøya mellom Vindafjorden og Sandsfjorden. Her får ein fantastisk utsikt over Nedstandfjorden og Jelsafjorden, og kan på klare dagar sjå heilt ut til Nordsjøen. Hebnes har ei rik historie som strekk seg mange hundre år tilbake i tid. På Hebnes kai finn du mellom anna minnesmerket etter Torstein av Heimnes, den største høvdingen i Ryfylke på 1200-talet og ein viktig person under det historiske slaget mot hertug Skule i 1240. Ropeidhalvøya byr også på flotte turmoglegheiter, fiskemoglegheiter og andre historiske besøkspunkt.

Besøk til Midtsommar vingard
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);