Rikt interiør på kyrkje
Jelsa kyrkje. © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Personar sitjande på historiske skulebenker
Skulemuseet © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Jelsa kyrkje og skulemuseet

Jelsa har blitt kåra til den mest idylliske staden i Ryfylke, og det med god grunn! Jelsa står fram med sine små, kvite trehus tett på fjorden, og har eit yrande liv på gode sommardagar. Under eit besøk til Jelsa bør du ta ein tur innom Jelsa kyrkje og skulemuseum.

Jelsa kyrkje sto ferdig i 1647, men historia strekk seg heilt tilbake til vikingtida då Jelsa var eit samlingspunkt for religiøse offer. På staden der kyrkja står i dag har det også tidlegare vore ei stavkyrkje som er nemnd i kjelder så tidleg som 1286. I dag er Jelsa kyrkje ein flott trebygning, som har fått eit heilt unikt preg med målekunsten til Gottfried Hendtzcel. Kyrkjetaket er dekka som ein stjernehimmel med tusenvis av stjerner som fint komplementerer flotte utsmykkingar på vegger, benker og dekorasjonar. Kyrkja er i bruk den dag i dag, og er drifta av Kyrkja i Suldal.

Skulemuseet like ved kyrkja kom opp i 1774, og er eit av dei første skulebygga i Ryfylke. Skulen blei sett opp med midlar frå "Den Riibergske Stiftelse" som blei oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Bygget var skule for ungdommar som seinare skulle ut som lærarar i omgangsskulen, og seinare fungerte bygget som ein barneskule. Dei siste elevane gjekk ut på 1900-talet. I dag er skulehuset eigd av Ryfylkemuseet.

Kyrkja og skulehuset held ope faste dagar i sommarsesongen. Opningstider og prisar finn du i arrangementskalenderen vår under "Kva skjer". Utanom opningstid tilbyr Jelsa Hotell guida turar for grupper. Les meir på jelsahotell.no.

Jelsa kyrkje og skulemuseet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);