Liafjellet (639 moh) er ein populær topptur i nærleiken av Sand sentrum med god merking heile vegen. Turen startar ved parkeringsplassen langs RV 13, ca. 1,3 km vest for Bergekrossen like før Velaskaret.
Første delen av turen går på traktorveg før stien tek over. Gjennom skogsterreng klatrar ein gradvis oppover, og etter kvart opnar landskapet seg til ope høgfjellsterreng med vidt utsyn i alle retningar. Stien kan til tider vera bratt med lause steinar, så godt fottøy er tilrådd.
På toppen finn ein ein varde og ein «nutfant-bok» der ein kan skriva seg inn. Turen går tur/retur same veg.
FAKTABOKS:
Tid: 3 timarAvstand: 7,5 km
Kategori: Middels (blå)
Høgste punkt: 639 moh
Høgdemeter: 518
Sesong: April – oktober
Tilkomst: Parkering ved RV 13, ca. 1,3 km vest for Bergekrossen ved Velaskaret.

Sand Båthamn ligg i sentrum av kommunesenteret med gåavstand til butikkar, kafear, museum og kulturhus.

Området rundt Sand Kyrkje tilbyr ein offentleg parkeringsplass, eit lite steinkast frå Sand sentrum og kulturhuset.

Opplev ekte smakar på Kulp Bistro, Sand: Nyt lokale delikatessar, heimelaga middag, og kanskje kan det freista med ein burgar? Perfekt for familie og venner.

Drøs ligg i hjarta av strandstaden Sand, med både inne- og uteservering. Her får du moderne og friske smakar kombinert med tradisjonskost!