Fredag og laurdag kan ein gjere ein god handel i kommunesenteret med over 80 utstillarar på marknadsdag. I Ryfylketeltet vil det vera folkefest og gode artistar på kveldstid. Arrangementet er for alle alderstrinn med eige ungdomsarrangement og kjekke aktivitetar for born.
Kvart år slepp ein også 1500 nummererte badeender nedover Vestlandets største elv, Suldalslågen. Eigaren av første and til mål vinn 25,000 kroner som må brukast innan ei viss tidsramme på marknadsdagen. Alle inntekter går til å støtte Suldal Røde Kors sitt arbeid.
Les meir om årets program på Ryfylkedagane sine nettsider her.