Bilde av kort.
© Suldal Næringsforening.
Bilde av kort på mobil.
© Suldal Næringsforening.

Suldalsgåvekortet

Er du på leit etter den perfekte gåva? Suldalskortet opnar ei heil verd av moglegheiter! Mottakaren kan nyte herlege lokale matopplevingar, spennande aktivitetar, og ikkje minst, shopping i ei rekkje butikkar i Suldal. Alt frå leiker til den minste, klær til ny sesong, utstyr ein treng til turen eller fornying heime.

Ved å velje Suldalskortet som gåva støttar du opp under lokalt næringsliv. Det digitale Suldalskortet er også enkelt å bruke, miljøvenleg og kan lagrast på mobiltelefonen for praktisk bruk.

Ikkje nøl! Besøk vår nye nettbutikk og gje bort eit stykke av Suldal i dag. Her finn du forslag på print i PDF om du vil gi gåva fysisk og informasjon om korleis mottakaren mottar gåvekortet på mobil som eit digitalt kort. Du kan sjølv velje tid og stad når mottakar skal få beskjed om gåva.  Gåvekorta er gyldige eit år frå det tidspunktet det er aktivert.  

Desse bedriftene er med på Suldalskortet

Du kan ta i bruk Suldalsgåvekortet hjå følgjande bedrifter:

  • Autagro Møgedal
  • Bimi Mat
  • Brunsj/Drøs
  • Bunnpris Sand
  • Bustad
  • Energihotellet
  • Galleri Kalvig
  • Gavinba
  • Joker Erfjord
  • Joker Suldalsosen
  • Joker Vatlandsvåg
  • Kulp
  • Kulturhuset i Suldal
  • Mo Laksegard
  • Monter Suldal
  • Museumsbutikken hjå Ryfylkemuseet
  • Nærbutikken på Nesflaten
  • Ryfylke fjordhotell
  • Ryfylke Rør
  • Sand Blomster
  • Sand Bok & Elektro
  • Sand Møblesenter
  • Sand Sport
  • Sjøhuset
  • Skohjørna
  • Suldal Bad
  • Suldal Hotell

Har du framleis eit fysisk kort?

U-opplada fysiske gåvekort kan du enkelt fylle opp sjølv her:

·     Joker Erfjord

·     Joker Suldalsosen

·     Joker Vatlandsvåg

Du kan også laste dei opp digitalt via igive. Hugs å ha med deg den 11-sikra koden frå kortet ditt.

Fysiske gåvekort blir fasa ut i 2023. Aktive fysiske gåvekort kan du sjølvsagt nytte i heile utløpstida til kortet.

Bedriftsgåve

Eit Suldalskort kan vera den perfekte gåvaeller påskjønninga! Gje dine tilsette valfriheten til å velje mellom ei rekkjeopplevingar, butikkar og tenester i Suldal. Frå matopplevingar og aktivitetar, til shopping av leiker, klær, utstyr og meir.

I tillegg til å glede dine tilsette, støttar du lokalt næringsliv med Suldalskortet. Du får også skattefordelar og enkel massedistribusjon via e-post eller SMS. Du vel sjølv tekst og bilete  på digitale gåvekort, anten det skal stå "gratulera med dagen", "god jul", eller noko heilt anna.  

Korleis? Trykk på "kjøp gåvekort". Her får du fakturabetaling  som eit alternativ, som kan bli sendt til bedrifta.  Du må betale gåvekorta før du får dei tilsendt.

Grip sjansen no! Besøk vår nye nettbutikk og bestill Suldalskortet til dine tilsette.

Har du fleire spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss!

Suldalsgåvekortet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);