På raftingflåtar som rommar inntil 15 personar tek Mo Laksegard deg med nedover Suldalslågen. Frå guiden som er med i båten kan du få høyra om historia til dalføret og elva, om Lakselordar og Lakseslott.
Halvvegs ned den 3 km lange turen stoppar ein i villmarksleiren til Mo Laksegard ved elvebreidda, går i land, kokar kaffi/te og kosar oss rundt leirbålet. Dei som er med får utlevert panner og steikjer sine eigne pannekaker over bålet. Turen endar med omvising ved Sandsfossen og Laksestudio saman med lokal guide.
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.