Bilde av fjord mellom fjellsider
Hylsfjorden © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
To menn på båt med utsikt over fjord
Hylsfjorden © Skattkammeret Suldal. Foto: Privat

Hylsfjordcruise med Helgøy Skyssbåt

Hylsfjorden ligg heilt nord i Ryfylke i ein fjordarm av Sandsfjorden, og er ein av dei mest spektaklære fjordane i regionen der den skjærer gjennom høge fjell og idylliske grender. I dag er fjorden kanskje blant dei best gøymde skattane i Ryfylke, men fjorden har ei rik historie som ei av dei viktigaste handelsrutene mellom aust og vest på 1800-talet. Turen startar frå ytre Ryfylke og hentar opp passasjerar frå ulike kaiar innover fjordsystemet.

Alternativ 1: Hylsfjorden med musikalsk innslag

Det tradisjonelle fjordcruiset inn Hylsfjorden tek deg heilt inn til Hylen, heilt inst i fjorden. På vegen fortel lokale forteljarar, som sjølv er fødd og oppvokst ved fjorden, spanande historiarar frå grendene og naturen rundt. Høgdepunktet er når me stoppar i Suldalseid der me får høyre fantastiske tonar frå dei lokale musikararane i LOKIS med fjorden som kulisser.

Etter turen inn Hylsfjorden blir det eit stopp i strandstaden Sand, som ligg i knytepunktet mellom Saudafjorden, Hylsfjorden og Sandsfjorden. Blant kvite trehus tett på fjorden kan du nyte det levande grendelivet med lokale nisjebutikkar, kafear, uteservering ved fjorden, kulturhistorisk løype, balansepark, båthamn og meir. Sand er også utløpet for den 22 km lange lakseelva, Suldalslågen, som er kjend for si villaksstamme. Ein 10 minuttars gåtur frå sentrum kan du oppleve Sandsfossen og villaksen i det som er Noregs første laksestudio.

Alternativ 2: Den historiske vegen til Litunet

Gjennom eit samarbeid med Ryfylkemuseet har du nå også moglegheita til å ta den historiske fjordvegen nesten 300 stupbratte meter opp fjellsida frå Hylsfjorden til Litunet, som er eitt av dei mest verneverdige museumstuna i vår region. Her kan du tre inn i historia på 1700-talet og nyte panoramautsikt over fjorden. Båten kjem tilbake for å hente deg opp att etter eit par timar.

Helgøy har faste avgangar i sommarsesongen. Grupper kan ta kontakt for eit tilbod på tur gjennom heile året. Besøk helgoy.no for rutetider og bestilling.

Hylsfjordcruise med Helgøy Skyssbåt
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(true);