Gullingen-Blåsjøområdet kan tilby flott fjellandskap med fossar, høge fjelltoppar og fjellvegetasjon. Frå Gullingen turistenter kan du sykle anleggvegen innover til Blåsjø - det største energimagasinet i Norge!
Turen frå Gullingen til Øvre Moen er på tiotalt 15 km. For ein lettare tur kan du også sette bilen ved Oddatjørndammen og sykle innover mot Storevassdammen (totalt 8 km). Dette er ein fantastisk tur i 1100 høgde.
Vegen inn i fjellet vert vanlegvis opna i juli, men mykje snø kan utsetje opninga. Vegen er oftast open til 1. oktober, men kan bli stengt tidlegare.
Gradering: Middels (blå)
Lengde: 40 km t/r Oddatjørndammen, 50 km t/r Førrevassdammen og 70 km t/r Storvassdammen.
Høgste punkt: Oddatjørn 1000 moh
Tilkomst: Ta av til Gullingen av RV 13 mot Øvre Moen.