Blåsjø ligg i Suldalsheiane og er Noreg sitt største energimagasin. Magasinet blir halde på plass av 11 små og store dammar. Ved høgste regulerte vasstand dekkar Blåsjø eit område på over 82 km2. Storvassdammen, Oddatjørndammen og Førrevassdammen er blant dei største dammane som tilhøyrar Bjåsjømagasinet. Storvassdammen er Norges største fyllingsdam, Oddatjørndammen er den høgste fyllingsdammen i Norge, mens Førrevassdammen er Norge sin største betongdam med sine 1270 meter lengde og 90 meters høgde.
For å koma til Blåsjø må du ta av frå Rv13, og køyre forbi Gullingen Turistsenter og vidare inn over fjellet. Vegen er som regel open mellom juli og oktober, men blir stengd når snøen legg seg.
Blåsjø er også godt eigna for sykkelturar innover fjellet på fine vegar. Les meir om dette under "Sykkel". Ønskjer ein å sjå større deler av det flotte fjellandskapet kan ein ta seg ein tur til turisthytta "Stranddalen". Les meir om dette under "Vandring".
Me minnar om at det er oppsett bom ved inngangen til Blåsjøvegen, like ved skitrekket, som registrerer nummerskiltet ved passering. Ved enkeltpassering kan ein betale via nett i løpet av dei neste 48 timane. Viss ikkje får ein tilsendt faktura i posten. Ein kan også kjøpe sesongkort. All betaling skjer via www.youpark.no, anten ein skal kjøpe sesongkort eller betale for enkeltpassering.