Ein rundtur i Stegåsen byr på flotte utkikkspunkt og variert natur. Snik deg gjennom furuskog, hopp over elva og nyt utsikten over fjorden.
Turen starter ved Joagarden barnehage på Eide, Sand. Herifrå tek du innover Stegåsen frå haugen like over parkeringsplassen, der du finn skilt som viser merka rute for "Stegåsen rundt". Når du nærmar deg toppen av Stegåsen er det merka ein avstikkar til det høgste punktet der du kan skrive deg i ei turbok. Turen går vidare på skogsveg sør-austover til stidele der du går over på sti mot Eidsvika langs Suldalslågen.
Fakta om turen:
Tid: 1-2 timar
Avstand: 3 km
Kategori: Middels (blå)
Høgste punkt: 70 moh
Tilkomst: Bil til Sand
Barnevennleg rundtur i Stegåsen
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.